Tomannsbolig 1
Fordelt på 64 kvadratmeter får du 2 soverom, med moglegheit for eit tredje, eit romsleg bad/vaskerom, gang med plass til garderobe og eit lyst og innbydande allrom med stove og kjøkken i open løysing. Frå stova er det utgang til markterrasse og hage med fine plenareal.
Tomannsbustaden i Tolleivhago har ei attraktiv og familievennleg plassering i Hago Bustadfelt. Her får du ein arealeffektiv og lettstelt bustad med gode uteareal, i eit roleg og etablert bustadområde.
Frå bustaden er det kort veg til Ål sentrum, skular, barnehagar, butikkar og idrettsanlegg. Samtidig har du naturen og gode turmoglegheiter like i nærleiken. Her bur du med andre ord roleg og sentralt, med det meste du treng i kvardagen innanfor kort avstand.
Kort leveransebeskrivelse
Bustaden blir levert med gjennomgåande gode og funksjonelle løysingar, tilpassa ein moderne og lettstelt kvardag.
Innvendige overflater
Alle tørre veggar og himlingar blir levert med gips, ferdig behandla og måla i K2.
På golv blir det levert laminat i alle tørre rom. I gang blir det lagt 60 x 30 cm flis.
Bad
Badet blir levert med våtromsvinyl på golv og baderomsplater på vegg. Det blir levert baderomsinnreiing i kvit utføring, og det er varmekablar i golvet.
Oppvarming
Bustaden blir levert med:
Varmekablar på bad og i gang
Panelomnar i stove, kjøkken og soverom
Peisomn i stove
Belysning
Det blir levert lampekuplar i alle rom som standard belysning.
Kjøkken og kvitevarer
Bustaden blir levert utan kvitevarer.
Utvendig
Bustaden blir levert med grunna utvendig kledning med mellomstrøk.
Moglege tilval
Det vil vere mogleg å gjere fleire oppgraderingar og tilpassingar etter ønskje. Pris på tilval blir gitt på førespurnad.
Aktuelle tilval er mellom anna:
Flis på bad
Oppgradert baderomsinnreiing
Oppgradering til parkettgolv
Oppgradering av kjøkken
Kvitevarepakke
Varmekablar i stove/kjøkken
Luft-til-luft varmepumpe