Tomannsbolig 2

Fordelt på 64 kvadratmeter får du 2 soverom, med moglegheit for eit tredje, eit romsleg bad/vaskerom, gang med plass til garderobe og eit lyst og innbydande allrom med stove og kjøkken i open løysing. Frå stova er det utgang til markterrasse og hage med fine plenareal.

Tomannsbustaden i Tolleivhago har ei attraktiv og familievennleg plassering i Hago Bustadfelt. Her får du ein arealeffektiv og lettstelt bustad med gode uteareal, i eit roleg og etablert bustadområde.

Frå bustaden er det kort veg til Ål sentrum, skular, barnehagar, butikkar og idrettsanlegg. Samtidig har du naturen og gode turmoglegheiter like i nærleiken. Her bur du med andre ord roleg og sentralt, med det meste du treng i kvardagen innanfor kort avstand.

Kort leveransebeskrivelse

Bustaden blir levert med gjennomgåande gode og funksjonelle løysingar, tilpassa ein moderne og lettstelt kvardag.

Innvendige overflater

Alle tørre veggar og himlingar blir levert med gips, ferdig behandla og måla i K2.

På golv blir det levert laminat i alle tørre rom. I gang blir det lagt 60 x 30 cm flis.

Bad

Badet blir levert med våtromsvinyl på golv og baderomsplater på vegg. Det blir levert baderomsinnreiing i kvit utføring, og det er varmekablar i golvet.

Oppvarming

Bustaden blir levert med:

  • Varmekablar pÃ¥ bad og i gang

  • Panelomnar i stove, kjøkken og soverom

  • Peisomn i stove

Belysning

Det blir levert lampekuplar i alle rom som standard belysning.

Kjøkken og kvitevarer

Bustaden blir levert utan kvitevarer.

Utvendig

Bustaden blir levert med grunna utvendig kledning med mellomstrøk.

Moglege tilval

Det vil vere mogleg å gjere fleire oppgraderingar og tilpassingar etter ønskje. Pris på tilval blir gitt på førespurnad.

Aktuelle tilval er mellom anna:

  • Flis pÃ¥ bad

  • Oppgradert baderomsinnreiing

  • Oppgradering til parkettgolv

  • Oppgradering av kjøkken

  • Kvitevarepakke

  • Varmekablar i stove/kjøkken

  • Luft-til-luft varmepumpe

Plantegninger

Visninger

Visning etter avtale

Kontakt oss

Tor Haugstad

Tor Haugstad

BYGGMESTEREN HALLINGDAL AS

Meld interesse

Vi behandler informasjonen du sender i henhold til vår personvernerklæring